adventureblogg///

Adventure i amerikanar-land - en elevs betraktning

I løpet av dette skuleåret har klassen vår padla, surfa, stått på ski, klatra, gått på tur, vore på duodøgn, testa ut alt mogeleg av forskjellege idrettar og mykje anna kjekt. Sjølv om vi berre har drive på med kjekke ting i år, og brettsegling, har USA-turen vore det finaste glansbiletet i samlinga, marsipanrosa på iskaka, eller mandelen i grauten på julafta om du vil. Det har vore noko vi alle har sett fram til sidan vi kom inn på Solborg, for kva kan vel vere betre enn å stå ned bratte heng fulle av puddersnø i Salt Lake City i hockey (eller plog), eller stryke ein delfin på finnen mens du tar ein nydeleg sving på surfebrettet (eller trynar stygt)? Klassen vår er full av folk som tilførar gruppa mange forskjellige eigenskapar, og samhaldet i gruppa var med på å gjere dette til ein flott tur vi nok kjem til å hugse heile livet.
Turen starta med mange trøyte fjes då vi køyrde frå Solborg 06.00 på veg mot første destinasjon; Sola flyplass. Frå Sola tok vi fly til Gardermoen, der nokon av oss var så heldige at vi fekk sjå heile Noregs kjæledegge, Therese Johaug! Jenta med kallenamn duracell- kaninen hasta seg gjennom check-inn, og det måtte vi også, for pga tull med bagasjen hadde vi plutselig ikkje god tid lenger. Alle kom seg heldigvis med på flyet til Amsterdam, der vi hadde god tid til å komme oss til gaten der eit fly som skulle ta oss vidare til Minneapolis stod og venta. Frå Minneapolis bar det vidare med eit vinglete småfly til Salt Lake City, og då vi endeleg var framme ved hotellet bar det rett til sengs.
I perioden vi var i Salt Lake City stod vi på ski i verdas beste puddersnø, var på NBA-kamp mellom Utah Jazz og Washington Wizzards der vi blei innlosjert i ein VIP- boks. Elles blei det ein del shopping nede i byn, men alle kraup til sengs tidlig kvar dag, då vi var heilt utkøyrde etter utmattande dagar i skibakken.
Etter ei god veke i Salt Lake City var det herlig å reise til California for å bytte ut kulde og snø med varme og sol. Vi var veldig heldig med været heile tida, og heile gjengen skifta ut den småbleike fargen vi hadde frå før med enten gyllenbrun eller lyserosa. Enkelte skifta faktisk ut sjølve huda på grunn av ekstreme mengder flassing, og var dermed like bleik som før, men alle fekk til slutt ein viss form for farge på kroppen. Ved sida av surfing i dei nydelege bylgjene på Newport Beach var høgdepunktet frå California turen til Hollywood, då vi tok limousin til Universal Studios der vi møtte Rampelys. Det var ein veldig kjekk dag som vi avslutta med å gå på ”Walk of fame”, før limousinen kom og henta oss igjen.
Då turen bar heimover mot Noreg att var alle godt fornøgde med turen, og einige om at opplegget hadde vore ein suksess. All bagasjen var i rette hender, alle hadde etter kvart blitt brune, vi sat igjen med mange gode minner, og med unntak av den gongen han kom for seint til ski- bussen hadde vi nesten ikkje gløymt igjen Harald nokon gongar. Carl-Erik, Kjetil, Morten og Trond-Arne gjorde ein kjempejobb, og eg trur dei kosa seg like mykje som alle oss andre. Det var ein flott tur!

Daniel Røed, Adventure.